Usain Bolt, Krig, fred og sånn.

Inn i mellom får mitt blonde hår bein å gå på. Skkikkelig sju-mil-steg-bein. 

Vi ser på friidrett, meg og han spanske, lett henslengt på sofaen. Fjong kikkar halvinteressert opp frå dataen og legg merke til at klovn og verdsmeistaren Usain Bolt skal springe. Spenninga stig kraftig på Bislett. Spenninga til den fjonge går heller frå kald til iskaffi- lunken. 

Frk. Fjong: Hm. Skal tru om eg hadde greid å holde følge med han to meter?- seier eg og tvinnar det blonde håret rundt fingeren.

Spanjolen: (Letter på augebryna snur seg mot meg etter full fokus på tv-skjermen) Ehhh........Jeanette, eg trur ikkje du veit kor SINNSJUKT fort han her springe! Du kan ikkje tenke deg det ein gong.

Frk. Fjong: (Tenke litt og tvinnar forsatt på håret......) Men kanskje berre ein meter då, om eg allereide var i farta, liksom?

Spanjolen: (Lettar igjen på augebryna- litt høgre denne gongen, sukkar høgt og svarar kontant) Nei, Jeanette- ikkje ein meter ein gong.

Frk. Fjong: To cm. må eg vel greie (-litt snurt)

Spanjolen: Jeanette, kan du holde kjeft litt, sånn at eg får følge med på kva dei seie?........

 

Greit nok, tenker eg. Klør meg litt på haka og forsette med å redde verda inn på internettet.




Én kommentar

Nattie

15.06.2013 kl.16:47

Have a nice weekend :) ❤

Skriv en ny kommentar

frkfjong

frkfjong

31, Bergen

Skriv om kvardagslege store og små skattar i kvardagen. Prøvar å fange dei ved ord, i kameraet eller på eit blankt lerret. Fjong er kunstnar, lagar mat som både blir ei smaksoppleving og det motsatte, eksprimenterar, styla og leikar med kle, møblar, triksar og fiksar med fargar. HER finn du meg på facebook: https://www.facebook.com/pages/Frk-Fjong/296909950375805?fref=ts

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits